Haukeliruta Odda-Bø

Laurdag 4 juli 1998


Velkomen

til den 18. Haukeliruta på sykkel frå Odda til Bø. Starten går frå Odda Ungdomsskule, ved Sandvinvatnet eit par km frå Odda sentrum.Turen går over to fjell, med høgste punkt 1148 meter over havet ved Dyrskar.

Starten

går puljevis, med opptil 25 i kvar pulje. Den/dei første går kl 06:00, og er utan tidtaking. Puljer med tidtaking startar frå kl 06:30. Racerpulja går sist. Sei frå dersom du vil starte i ei spesiell pulje, eller vil sykle i lag med nokon.

Påmelding

skjer på giroblankett som er vedlagt innbydinga til rittet, eller ved å gi beskjed via epost til Erik Dybdahl  eller på tlf 35 95 16 27 (kveldstid), og samstundes sende rittpengar til Sykkelgruppa i IL Skarphedin, Postboks 72, 3800 Bø, kontonr 2630.07.07474. Oppgi fødselsår, puljeønske, om du vil ha plass på buss. Og korrekt namn, adresse og klubb.

Eingongslisens

kr 50 kan betalast saman med påmeldinga, eller ved henting av startnr.

Transport

Det blir sett opp buss og trailer for transport av ryttarar og syklar frå Bø til Odda, fredag kl 16:00 ved Bø Stasjon. Møt opp før kl 15:00.

Overnatting

kan skje på medbrakt madrass i gymsalen på Odda Ungdomsskule for kr 20. Behøver ikkje førehandstingast. Elles er det godt om overnattingstilbod i Odda.

Prisen

er kr 250 ved påmelding før 22 juni. Etter dette kjem etteranmeldingsgebyr på 100 kroner i tillegg. Buss til Odda kostar kr 200 som kjem i tillegg, dersom du vel denne transportmåten.

Bekrefting

på at påmelding er mottatt blir gitt til alle som er melde på innan fristen 22 juni. Denne har opplysning omstartnr, pulje, starttidspunkt og eventuell annan oppdatert informasjon om rittet.

Startnummer

blir utlevert på rittkontoret i Odda Ungdomsskule fredag kveld mellom 19 og 22.

Rittreglar

Norges Cykleforbund sine reglar for turritt gjeld. Hjelm er påbode

Resultatliste

blir sendt ut straks etter rittet til alle deltakarar.
 


Løypeprofil



Løypebeskriving

Etter starten går løypa langs Sandvinvatnet 87 moh., før stigningane byrjar. Etter Låtefoss blir det brattare, og opp Seljestadjuvet svært bratt. Vidare over Røldalsfjellet og ned til Røldal, der det er saftstasjon etter ca. 40 km.

Så går turen opp den bratte Austmannlia, litt mindre bratt opp mot Svandalsflonatunnelen, gjennom denne, og så lettare terreng framom Dyrskar som er høgste punktet på løypa, godt over elvehundre meter over havet. Etter 80 km er det matstasjon ved inngangen til Vågslidtunnelen.

Den tyngste delen av løypa er nå unnagjort, og det kan gå svært raskt ned mot Haukeli, men kaldt kan det vera på fjellet. I Grungedal er ein halvvegs til Bø, og det er kort veg til saftstasjon ved Vinje Samfunnshus.

Deretter er det oppoverbakke att, men frå Bøgrend er det lett terreng fram til Åmot, ca 80 km frå målet. Her startar dei bakkane som for mange blir dei tyngste, dersom ein ikkje har tatt det tilstrekkeleg med ro tidlegare: Grønliheia. Det er godt å kome til toppen her, og trille ned forbi Høydalsmo til saft og varme vaflar i Morgedal.

Med nye krefter går det så greitt dei to mila ned til Seljord, og i småkupert lende langsmed Seljordsvatnet, der ein kan stogge for is og brus ved Sanden Camping.

Siste mila går svakt hallande ned til Bø, ca 75 meter over havet.

Målet er ved Bø Hotell, fyrste veg til høgre i Bø sentrum. Her er dusj, varm suppe og medaljeutdeling, og vanlegvis varmt, godt sommarver. Og ikkje langt unna ligg Bø Sommarland, der kanskje familien er medan du syklar?

Vel møtt, og god tur!

IL Skarphedin
Sykkelgruppa 


Sist oppdatert 6 februar 1998