Jotunheimen Rundt

Jotunheimen Rundt 1997: Ein felles siger

av Odd Helge Brugrand, Sogn Avis


SOGNDAL: - Eg tenkte på sonen min absolutt heile tida. Å ha han i tankane hjalp meg over dei verste kneikene, seier nybakt pappa og vinnar av det sjuande Jotunheimen Grand Prix, Jan Dekko. Saman med Jon Arne Holtorp kom han i mål etter 13 timar, 34 minuttar og 49 sekundar på sykkelsetet.

Jan Dekko vann Jotunheimen Rundt for tredje gong, men ryttaren frå Lier Helsesportslag klarde ikkje slå sin eigen rekord frå i fior.
- Det var hardt å køyre denne gongen. Når me berre er to som køyrer ilag, blir det tungt, seier Dekko, som 2. juli blei far til ein liten gut. Guten sin ankomst heldt på å kollidere med starten i Jotunheimen Rundt, men heldigvis for pappa Jan, hadde veslekaren hastverk.
- Eg tek han med hit til neste år, sa Dekko til speakeren Arne Blakisrud.

Kompis-siger

På veg opp til Beitostølen reiv Dekko, Jon Arne Holtorp og ein tredje ryttar seg laus frå hovudfeltet. Over Valdresflya var Holtorp og Dekko åleine.
- Det var mykje tullekøyring frå Lærdal til Fagernes. Feltet var lite aktiv. Berre fem-seks ryttarar gadd vere med å dra. Så eg, Holtorp og ein tredjemann reiv oss laus frå feltet opp Beitostølen, seier Dekko.
- Og etter Beitostølen var det berre meg og Holtorp att. Over målstreken i Sogndal kom Jan Dekko og Jon. Arne Holtorp i lag.
- Me køyrde ilag heilt frå Beitostølen og hjelpte kvarandre heile vegen, så tre og ei halv mil før mål bestemde me oss for å dele sigeren. Berre rett og rimelig med kompis-siger etter eit slikt kompisløp.

Litt gal

Begge vinnarane var slitne etter å ha trødd 420 kilometer.
- Magen vreid seg, eg heldt nesten på å kaste opp like før mål, seier Jon Arne Holtorp. Ceres Ringerike-ryttaren måtte sette seg ned på ein stol like etter passering.
- Eg har det bra no, er berre litt nummen i stortåa.
- Korleis var turen?
- Det regna litt av og til, men temperaturen var fin. Sola kom opp og varma oss på morgonkvisten.
Jan Dekko hadde mista følelsen i beina.
- Eg kjenner ingenting akkurat no, men det kjem seg vel.
- Kvifor gjer de dykk så ilt at de køyrer eit slikt ritt?
- Det er nok litt galskap. Rittet er plagsomt, rett og slett, men det har aldri vore snakk om å gje opp. Eg likar dette rittet, difor kjem eg att nesten kvart år, seier Dekko.

Fem kvinner

Nær 300 personar deltok i styrkeprøven i år. Men kvinnene er i sterkt mindretal. Fem stilte til start i Lærdal, og beste kvinne vart Nina Utne frå Ullensaker. Ho deltok for tredje gong, og fekk t-skjorta.
Elles var det stor intenasjonal deltaking. Fleire svenskar og danskar deltok i tillegg til eit par tyskarar.
Johnny Lilleng i Sogn CK er særs nøgd med årets Jotunheimen Rundt.
- Dette er nok den beste Jotunheimen Rundt me har arrangert så langt. Tilbakemeldingane har berre vore positive, og ryttarane er nøgde. Spesielt gledeleg er det at 11 av våre eigne ryttarar fullførde løpet.
Men Hordaekspressen stakk av med vandrepokalen til odel og eige. Dei deltok for tredje året på rad med flest ryttarar som fullførde.
Artikkelen er gjengitt etter avtale med Odd Helge Brugrand.
Tilbake til hovedsiden for Jotunheimen Rundt
Tilbake til Jørn's Cycling Homepage.

Sist modifisert 05.05.1998
I made this! Jørn Dahl-Stamnes