Jotunheimen Rundt

Jotunheimen Rundt 1997: Vaffelstasjonen på Sognefjellet er populær

av Odd Helge Brugrand, Sogn Avis


SOGNEFJELLSHYTTRA: Vaflene gjekk ned på høgkant ved matstasjonen ved Sognefjellshytta.
- Me kjende vaffellukta nede i Bøverdalen, og då var det ikkje problem å kome opp siste kneika.

Det sa ein av ryttarane til Sogn Avis. Han sette pris på den siste av dei sju matstasjonane før Sogndal. Matstasjonen ved Sognefjellshytta er den mest populære av alle dei sju stasjonane i Jotunheimen Rundt. Vafler er kjærkoment etter stigninga opp fjellet. Og sjølv om ryttarane fekk middag på Lom, set ikkje det dempar på matlysta.
- Me har laga over 50 liter vaffelrøre og 100 liter saft og reknar med alt går unna, seier Oddvar Kvalsøren, ein av dei sju som jobba for at ryttarane skulle få seg ein matbit og ein pause på Sognefjellet. Frå klokka sju om morgonen til klokka 23 om kvelden stod dei sju frå Luster idrettslag på post.
- Ryttarane set pris på oss, og mange tek seg ein lengre pause her oppe på fjellet. Sjølvsagt fordi dei er slitne så langt ut i løpet, men også på grunn av vaflene, vil eg påstå....


Artikkelen er gjengitt etter avtale med Odd Helge Brugrand.
Tilbake til hovedsiden for Jotunheimen Rundt
Tilbake til Jørn's Cycling Homepage.

Sist modifisert 05.05.1998
I made this! Jørn Dahl-Stamnes