
Jotunheimen Rundt 1997: Rettleia til Lærdal via telefon
av Odd Helge Brugrand, Sogn Avis
LÆRDAL:- Først køyrer du ut av Oslo, så tek du til høgre ved eit
stort rådhus. Når du kjem til ein plass som heiter Gol, så tek du til
høgre att. Då kjem du til Lærdal.
Slik var den enkle rettleinaa svensken Christer Åkeson fekk av Gerd Kari Øvregard i
Sogn CK, då han ringde for å spørje etter vegen til Lærdal, og starten
i Jotunheimen Rundt.
- Eg køyrde feil, veldig feil, seier Christer Åkeson.
Landskrona-ryttaren har tidlegare køyrd ritt i Telemark, og då han oppdaga Jotunheimen
Rundt på Internert, bestemde han seg med ein gong; dette skulle han vere med på.
- Eg visste ikkje om Jotunheimen Rundt. Ingen andre eg kjenner heller. Men no har eg har
køyrd 100 mil for å få vere med, pluss det eg køyrde feil då,
smiler den hyggeleg svensken.
Han tok med seg kjæresten Camilla til Lærdal. Ho er sangerinne, og er utdanna ved
operaskulen i Wien.
- Christer trenar godt, så dette klarar han fint, seier Camilla.
- Ja, er du her berre for å gjenomføre, eller for å vinne?
- Eg må vel satse på å vinne. Det er jo difor eg er her, smiler den sympatiske
svensken, og får eit kyss på kinnet av Camilla.
600 menneske
Nesten 600 ryttarar, publikum og arrangørar var i Lærdal sentrum under starten fredag
kveld. Ryttarane blei slept i fire puljer, og sjølvsagt måtte det kome litt regn
før ryttarane fekk starte. Men lærdølene gav ryttarane ein real applaus som
ballast på vegen.
Artikkelen er gjengitt etter avtale med Odd Helge Brugrand.
Tilbake til hovedsiden for Jotunheimen Rundt
Tilbake til Jørn's Cycling Homepage.
Sist modifisert 05.05.1998
I made this! Jørn Dahl-Stamnes