Jotunheimen Rundt

Lille Jotunheimen Rundt


Dei kjappaste tok seg opp Bøverdalen, over fjellet, ut Lustrafjorden og ned frå Hafslo til Sogndal på under fem timar. Tyngda av feltet brukte vel seks timar på denne turen, og kom inn til Sogndal sentrum i høveleg tid på ettermiddagen. Max-tida er ti timar.

Det var lågt skydekke og lett duskregn då feltet gjekk ut frå Lom sentrum laurdag 11. juli 1998, men inn i mellom slo sola til. Og stemninga var på topp då feltet kryssa brua over Bøvra, for kort etter å svinga ut av vakre Lom.
Startområdet i Lom er lagt til det romslege arealet inntil stavkyrkja og skulen. Her er det rikeleg med plass både for bil og sykkel. På same stad kjem ryttarane frå Store Jotunheimen inn fra Valdresflya, til varm mat og ei kortare eller lengere rast. I Lom har dei gjennomført to tredjedeler av Jotunheimen Rundt.

Ut fra Lom går således to grupper ryttarar, dei som nett har starta på sine 13.7 mil, og som nøyer seg med Lille Jotunheimen, og dei som har nesten tretti mil i beina på dette tidspunktet.
Saman rullar dei innetter Bøverdalen, forbi Elvesæter, Krossbu, Sognefjellshytta, Fortun, Skjolden, Luster, Gaupne, Hafslo, like til den sjarmerande Sognedalsfjøra, der eit fargerikt målområde står klart til å ta imot slitne utøvarar.

Lille Jotunheimen høver godt for mountain bike syklar. Nesten halve distansen er stignande terreng, siste biten oppunder Sognefjellshytta er heller bratt. Men på god terrengsykkel går det greit.
Lille Jotunheimen er for dei som ikkje er klare for den lange løypa. Ein familie med fleire aktive ryttarar bør vurdera å bruka Lille Jotunheimen. Etter at den sprekaste er sendt i veg på Jotunheimen Rundt frå Lærdal (fredag kveld/laurdag morgon), går dei andre på bussen via Sogndal til Lom.
Dei er framme same formiddag (laurdag). Dei har nett passe tid framfor Lille-starten klokka 12. På turen attende til Sogndal møter dei kanskje familiens Store-ryttar.

I fjor var ikkje mektige Sognefjellet berre venleg stemt, det var surt og kaldt oppe på høgfjellet, men Sognefjellshytta er norsk idretts mest attraktive rastestasjon. Her er det nysteikte vafler, ullteppe og kaffi for alle.

Start v/ Loar skole i Lom sentrum lørdag.

Klasseinndeling er som for Jotunheimen Rundt.

Rittreglement som for Jotunheimen Rundt.

Premiering: Premie til alle som fullfører.

Transport: Bagasjen vert transportert fra skuleplassen i Lom til målområdet i Sogndal. Ein kan og levere klær, etc. same stad, som vert teke til matstasjonen på Sognefjellet.

Det er viktig at du kryssar av på påmeldingsblankettet.

Terrengsykkel eignar seg fint for Lille Jotunheimen.


Tilbake til hovedsiden for Jotunheimen Rundt
Tilbake til Jørn's Cycling Homepage

Sist modifisert 25.05.1999
I made this! Jørn Dahl-Stamnes