Jotunheimen Rundt

Løypa





Starten er i Lærdal og løypa fylgjer E16 oppover den frodige Lærdalsdalen langs med Lærdalselva, forbi Borgun stavkyrkje og over Filefjell. Ein passerar Nystuen Høyfjellshotell, syklar langs med Vangsmjøsi, gjennom Vestre Slidre og ned til Fagernes.

Frå Fagernes går løypa opp Rv. 51 til Randen. Denne vegen lyfter deg gjennom Jotunheimen! Der passerar du nokon av dei vakraste naturperlene i Valdres. Øystre Slidre og den velkjente Beitostølen. På Bygdin ligg "M/B Bitihorn" ved kai. Nyt utsyna frå Valdresflya - toppar, tindar og brear i Jotunheimen kjem deg i møte på uforglømeleg vis.

Turen går vidare forbi fjellsjøen Gjende, idylliske sætergrender langs med Sjoa, du får eit storarta utsyn mot Vågåvatnet før du tek den bratte nedkøyringa til Randen. Rv. 51 fører deg inn til Lom - kommunen der både Galdhøpiggen og Glitretind ligg. Dette er dei to høgaste fjella i Noreg med toppar på 2469 m over havet.

Frå Lom fyljer du den vidgjetne Sognefjellsvegen gjennom Bøverdalen (der dalsidene er så bratte at dei dyrkar jorda på begge sider). Sognefjellsvegen er Nord-Europas høgaste fjellovergang, 1440 m.o.h. ved Fantesteinen. Her møer du fleire meter høge snøbrøytekantar, og fjellvinden svala den heite panna - før du stuper dei 14 krappe slyngene forbi Turtagrø og ned Fortun og Skjolden. Turen går vidare utover langs verdens lengste fjord, Sognefjorden, forbi Gaupne som er handels- og kommunesenteret i Luster, Marifjøra med verdens stuttaste riksveg (245 m) og du kjem i mål i regionsentret Sogndal. Då har du sykla 430 km.

Løypa er krevande med mykje stigning (ca. 4600 m) og eit par tøffe utforkøyringar, pass på at du er godt trena. Løpet skal ikkje vera eit jag, men ein tur for deg som likar å sykla. Nyt naturen og ta deg god tid på dei 7 matstasjonane. Det vert gryterett på Lom. Det vil vera seng for deg som vil slappa av litt før du byrjar på stigningane opp til løypas høgaste punkt på Sognefjellet (1440 m.o.h). Det blir grillmat etter innkomst i Sogndal. Vi vil gjera det vi kan for at du skal trivast og få ei minnerik oppleving. Ha ein riktig god tur og hugs at alle er vinnarar når løpet er gjennomført.

3D kart av løypa.


Tilbake til hovedsiden for Jotunheimen Rundt
Tilbake til Jørn's Cycling Homepage

Sist modifisert 25.05.1999
I made this! Jørn Dahl-Stamnes